Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Vekselbankens historie

 

 

I bladet «Hordaland» vart det 21. januar 1899 lyst ut innbyding til aksjeteikning i ein ny bank som skulle skipast for Voss og omland. Innbydarane gjorde framlegg om namnet « Voss Vexel- og Landmandsbank»

Innbydarane viste til den monalege auken i forretningslivet i bygdene her, som gjorde ein forretningsbank naudsynt. Innbydarane var forretningsmenn og bønder, i alt 47 menn. Det vart kalla inn til skipingsmøte 1. mars 1899 og den dagen vart aksjeselskapet Voss Vexel- og Landmandsbank skipa og lovene for banken vedtekne.

I 1919 kjøpte Vekselbanken Kronstadhuset med tuft aust for kyrkja. Tanken var å byggja nytt hus for banken her. Etter utsetjing vart huset bygt i 1922, men det nye huset vart utleigt til forretnings- og kontorlokale og banken heldt fram i huset frå 1907 i Nedregate vest på Vangen. Då Vekselbanken sitt hus, saman med alle andre hus i Nedregate brann opp 24. april 1940, flytte banken over til huset sitt på Kronstadtomta.

Etter frigjeringa flytte Vekselbanken til Sjur Endeve sitt nybygg aust på Vangen. Her heldt banken til i andre høgda. No vart huset frå 1922 rive, og nytt hus vart bygt på Kronstadtomta. I denne tida var byggjevarer rasjonerte, og atterreisinga tok tid, men i 1950 kunne banken flytta inn i eige hus att.

Last ned historien for de første 100 årene her.

Hjemmeside - vossabanken.no