Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Sparebanken Sogn & Fjordane si historie
 

 

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 45,9 milliard kroner og 273 årsverk. Banken har i dag 22 salskontor og 21 Bank i Butikkavtalar og er representert i 21 av dei 26 kommunane i fylket. I tillegg har banken kontor i Bergen.

Frå den spede starten som lokalbanken Førde Sparebank i 1842, via mange fusjonar undervegs.

Sparebankane skulle frå starten av vere hjelp til sjølvhjelp for folk med små inntekter, og bidra til økonomisk sjølvstende og tryggleik for den enkelte. Kvar bygd hadde sin sparebank fram til fusjonane starta i 1973.Tanken er framleis den same, men med dagens tekonologi er nettbanken vår største avdelingskontor. I løpet av 170 år har vi fusjonert med over 20 lokale sparebankar og er blitt fylkesdekkande bank. I dag har vi avdelingskontor i Bergen og har størst vekst utanfor fylket.

Etableringa av Sparebanken Sogn og Fjordane

1.4.1988 var ein merkedag, då vart Fylkesbanken ein realitet. Konsernadministrasjonen fekk kontorstad i Førde kommune. Banken er i dag representert i  21 av 26  kommunar i fylket, i tillegg til kontoret i Bergen.

Gjensidige etablerte i 2006 ein landsdekkjande nettbank med hovudkontor i Førde i tett samarbeid med  Sparebanken Sogn og Fjordane. Før dette hadde vi samarbeidde vi med Sparebanken NOR (seinare DNB NOR) om nettenester og forsikring.

I 2014 vart vi medeigar i Frende forsikring, og gjekk over til å selje deira forsikringar.

 

Hjemmeside - ssf.no