Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Seljord Sparebanks historie
 

 

Etter at banken vart lagt ned på slutten av dei vanskelege 1920 åra, vart den opna att i 1937. Det var mange bankar som vart lagt ned i 1920 åra, og fleire av dei har valgt å oppretthalde den fyrste etableringsdatoen. Seljord Sparebank har valgt å bruke datoen for nyetableringa, men ynskjer samtidig å få med seg historien.

For Seljord Sparebank sin nyare historie er 10. april 1937 en merkedag, og i våre historiebøker kan vi lesa:

"Aar 1937 den 10. april vart det halde møte i heradsstogo på Utbøen for å dryfte spursmaalet um reising av ein sparebank for Seljord herad. Formannskapet i Seljord hadde i møte den 5. april 1933 valt Aslak Groven, Lavrants Rui og Hans Sandsdalen som nemd til å arbeida med spursmålet, meddi formannskapet fann det turvande, at herad fekk att sin eigen sparebank."

Vi kan vidare lesa at 156 personar var med på å opprette banken. Som i dei fleste andre bygder var det kornmagasinet som i sin tid var grunnkapitalen ved etablering, så også i Seljord.

"I Seljord vart det på "vårtinget" 1. mars 1790 vedteke å etablere Kornmagasin etter oppmoding frå sorenskrivar Wamberg, og der heiter det: "Plan til et Bygdemagazins Opprettelse for Sillejords Prestegjæled udi Bratsberg Amt og Øvre Thelemarkens Fogderi."

I kommunestyre den 7. desember 1863 kom lensmann Grave med forslag om at verdien av konrmagasinet burde brukast til å etablere bank. Lensmann Grave, kirkesanger Thovson og kaptein Thue blei valgt inn i nemnda for dette arbeidet. Den 24. februar bare vel 2 månader seinare har nemnda planane klare. Desse vart einstemmig vedtatt i kommunestyret, og ordføraren fekk fullmakt til å sende søknaden til departementet. Etter nokre endringar gjekk bankplanane gjennom, og i Kongelig resolusjon av 2. februar 1865 blei planen godkjent og Seljord Sparebank blei med dette ein realitet frå 20. april 1865.

Det var tiltaksrike folk på denne tida. Det var og omtrent på denne tida at Dyrskuplassen med fjoset blei etablert.

www.sparebankendin.no