Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Ørskog sparebanks historie
 

 

Ørskog Sparebank er ein sjølvstendig og solid sparebank med ein forretningskapital på ca. 2,3mrd og 17 ansatte. Banken er lokalisert i Sjøholt sentrum i Ørskog Kommune. 

I 1855 utarbeidde Rasmus Storvik, Ole Sollied og Bendik Skarbø ein plan for stifting av Ørskog Sparebank. Banken starta si verksemd den 3. januar i 1857, og har ein tradisjonell "sparebankhistorie" bak seg. Det betyr nøkternheit, samfunnsansvar, personleg kundeoppfølging og ein bank å samarbeide med. 

Banken er ein av aksjonærane i Eika-Gruppen AS. Gjennom dette samarbeidet tilbyr vi ei rekke finansielle produkt, blant anna livs- og skadeforsikring, fondsprodukt og leasing. Som eigar i denne alliansen tilbyr vi gode tenester til konkurransedyktige priser.

Hjemmeside - orskogsparebank.no