Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Hjelmeland sparebanks historie
 

 

Hjelmeland Sparebank starta opp i 1907 under namnet Hjelmelands Kommunebank. Dei tok dette namnet fordi det allereie fanst ein bank i bygda som heitte Hjelmelands Sparebank. Dette var ein privatbank som starta opp i 1852 som den første bygdebanken i Ryfylke. Privatbanken vedtok nedlegging i 1926. Då endra ”vår” bank namn til Hjelmeland nye Sparebank. I 1953 vart namnet Hjelmeland Sparebank. 

Styresmaktene sette seg lenge imot oppetting av ein bank nummer to i Hjelmeland. Først etter avgjerd i sjølve regjeringa fekk den nye banken grønt lys. 

Den nye banken var i vekst, dreiv godt og oppnådde tillit blant folk. Han kom seg gjennom dei vanskelege tidene etter første verdskrig utan tap. I mellomkrigsåra var det norske bankvesenet i store vanskar, og mange bankar måtte gå til avvikling. Hjelmeland Sparebank klarte seg gjennom kriseåra, men ikkje utan tap og raude tal i rekneskapen. Situasjonen var alvorleg i banken i 1930-åra, men ikkje kritisk. 

I perioden frå 1950 til 1975 opplevde Hjelmeland Sparebank igjen vekst og framgong. Veksten førte til at banken trong nye lokaler, fleire tilsette og utvida opningstid. Sitt viktigaste vegval nokon sinne gjorde banken i 1973, då dei takka nei til å gå saman med fleirtalet av sparebankane i fylket som danna Sparebanken Rogaland. Dette vedtaket la grunnlaget for den sterke veksten banken har hatt i tida etterpå. 

Dei siste 30-35 åra av Hjelmeland Sparebank si historie er prega av sterk utvikling. I 1975 var det tre tilsette i banken. I 2009 hadde talet stige til 26 personar, som utførte 22 årsverk. Forvaltningskapitalen har auka mest – frå 25 millionar i 1975 til 2449 millionar i 2009, nesten 100 gongar meir. Midt på 1970-talet hadde banken kring 2300 kundar som stort sett var busette innanfor Hjelmeland kommune sine grenser. I 2009 hadde vi 7000 kundar kring om i Ryfylke og også vidare ut. Banken har utvikla seg frå ein mindre bygdebank til eit breittdekkande finanshus, som framleis har ein fri og sjølvstendig status. 

Banken er med i EIKA Gruppen AS saman med 78 andre mindre og mellomstore sparebankar. Gjennom dette kan vi tilby kundane alle tenester som ein normalt kan forventa å få i ein bank. 

Hjelmeland Sparebank vart eigenkapitalbevisbank i 2009 ved å skriva ut eigenkapitalbevis for 111,8 mill. kroner. Dette skjedde etter rekordstore tap i 2008. Vårt første salskontor utanom hovudkontoret oppretta vi på Jørpeland i 2008.
I 2015 oppretta me og kontor på Sand (ope kva onsdag) og Finnøy (ope kvar torsdag)

Hjemmeside - hjelmeland-sparebank.no