Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 

 
 
 

Etne Sparebanks historie
 

 

Etne Sparebank har ei lang historie. Planen for Etne Sparebank vart stadfesta ved kgl. res. 18.april 1860. Banken feira 150 års jubileum i 2010. I 1860 vart det valt inn bønder frå dei ulike sokn i Etne til styret. Ein skulelærar/klokkar vart tilsett som kasserar. Etter kvart fekk banken vera med på å gjera det lettare for næringslivet og dermed  skape framgang i bygda. Banken har på svært mange måtar vore ein viktig del av historia til Etne og alle som har budd og som bur der. Eit av føremåla til banken er å gi ålmennyttige gåver. Først og fremst gjennom direkte kronebidrag til ulike lag og forreningar i kommunen.

Etne Sparebank har alltid vore ein sjølvstendig bank. I strategiplanen til banken står det: ”Etne Sparebank skal vera ein solid, stabil og konkurransedyktig medspelar i lokalsamfunnet”.

Som sparebank gjev Etne Sparebank kvart år ein del av overskotet attende til bygda, mellom anna gjennom sponsoravtalar og i form av gåver til ålmennyttige føremål. I jubileumsåret 2010 vart det delt ut  gåver til lag og organisasjonar for til saman 3,5 millionar kroner. Det vart og gitt tre ballbingar til krinsane Sørstranda, Rygg og Sævareid.

Banken har utbetalt ca 1.5 millionar kroner per år i gåver til ålmennyttige føremål og sponsorstøtte til lag og foreningar dei seinare åra.

www.etne-sparebank.no