Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Bø Sparebanks historie
 

 

Det heile starta ein stormnatt i februar 1849, då kornmagasinet i Bøherad blåste ned.  Magasinet hadde i ein mannsalder vore bygdas kornbank. Dei som hadde pusla med planar om ein skikkelig bank med dalar og skilling, renter og kapital fekk det nå travelt. 
I midten av mars 1852 kunne heradsstyret i Bø endeleg sette punktum for ei lang rekkje imponerande paragrafar. Bø Sparebank var skipa.

Gjennom dei dryge 160 åra som har gått sidan starten, er grunntanken frå 1852 om ein nøktern og solid drift, samt jamn vekst halde fast ved. Dette har vore eit fundament i sparebank-filosofien. Utviklinga har vore stor både i banken og i bygda, og dei har følgd kvarandre tett i alle år. Bø Sparebank har tatt del i og bidrege til, utviklinga i samfunnet omkring seg. Vi har blitt ein moderne bank med alle dei bank og forsikringstenester kundane forventar å finne. 

Som lokalbanken er fokus på gode relasjonar til kunden, lokalkunnskap, personleg service og gode totaltilbod viktige. Gjennom å vera deleigar i Eika Gruppa har banken tilgang på gode produkt og tekniske løysingar som ikkje står tilbake for produktspekteret til dei store bankane. Med filialar av tre større bankar som konkurrentar i Bø, er dette heilt avgjerande.                       
Den store konkurransen innanfor banktenester i bygda kjem kundane til gode.

Banken forvaltar om lag 1,9 milliardar kroner, og har vel 17 årsverk i arbeid. På dei siste 25 åra er forvaltninga meir enn 5 dobla, medan talet på tilsette er redusera med 20 %. Det seier litt om den tekniske utviklinga, når ein og legg til at produktspekteret er kraftig utvida.
Eigenkapitalen er solide 190 millionar, ei dobling på dei 10 siste åra.

Banken går godt og er solid, men ein må tenke framtid og strategi. Dei beste avgjerder tek ein når ein har forhandlingskraft og sjølvråde. Styret og Forstandarskapen i banken gjorde i 2012 vedtak om å slå seg saman med nabobanken Seljord Sparebank. Bankane er svært like i storleik, og ser dei same moglegheiter og utfordringar framover. Viktig var det at lovverket no gjev anledning til å ivareta den kapital som er skapt i bygdene i lokale stiftingar som blir eigarar i den samanslutta banken. 
Fusjonsprosessen er i gang i 2013. Målet er ein sterk og solid lokalbank for Midt- og Vest Telemark, der avgjerder blir tatt lokalt. Identiteten til lokalbankane blir tatt vare på, og kundane møter dei same tilsette, men saman skal vi stå sterkare rusta til å møte framtidas krav.

Hjemmeside - sparebankendin.no