Finansleksikonet bruker cookies for å forbedre nettstedet. Finn ut mer her!


 
 
 

Aurland Sparebanks historie
 

Aurland Sparebank var skipa 18.mai i 1883. Banken til beste for bygda gjennom 125 år

Aurland Sparebank vart skipa i 1847, men drifta vart avslutta i 1867.
I 1883 vart banken skipa på nytt, og no slutta bygdefolket godt opp om tiltaket. Banken var først og fremst bygdefolket og det lokale næringslivet sin bank, men kundemassen femnar no langt vidare.
I dag er omlag 30% av kundane busette utafor kommunen.
Det første kontorlokalet var i det gamle kommunehuset i Aurland. Dette var banken sitt ekspedisjonskontor i 75 år. I 1958 vart banken flytta til det nye kommunhuset, men den 20.april 1970 vart det vedteke i forstandarskapet å setja igang med byggjing av nytt hus for banken.
Banken hadde sin første kontordag i eige hus den 27. januar 1972.
Frå 1. januar 1965 byrja banken med kontordagar i Flåm. Kontorrom fekk banken leiga hjå Flåm Samfunnshus. I dag har banken eit nytt og moderne bankbygg i Flåm med automatar som er tilgjengelege 24 timar i døgnet.
Grunnfondskapitalen til Aurland Sparebank var i 1883 på kr.1468. I 2007 passerte banken 600 millionar i forvaltingkapital.

Hjemmeside - aurlandsparebank.no